– Vi er opptekne av god dyrevelferd i alle produksjonar og dyrevelferda kan vere god i miljøinnreiing, frittgåande og i økologisk eggproduksjon, seier styreleiar Kolbjørn Frøseth i Fjørfelaget.

Ei ny omlegging, frå bur til frittgåande innreiing, vil koste kvar enkelt bonde dyrt. Truleg vil ei ny omlegging koste over 2 millionar per produsent, ifølgje Fjørfelaget.

– Viljen til å bygge om er stor blant produsentane, men mange slit med å få på plass kapital. Mange har nyare anlegg med høg gjeldsgrad, fortel Frøseth til Nationen.

Han seier dei må levere det marknaden vil ha, men seier det kan bli tøffe tider for bøndene som må legge om på nytt.

Organisasjonen viser vidare til forsking som seier at bonden er den viktigaste enkeltfaktoren for å vareta god dyrevelferd.

– Dersom det ikkje er økonomi i eggproduksjonen har ikkje bonden moglegheit til å bruke tida si på dyrehaldet, og det kan gå utover dyrevelferda, fryktar Frøseth.

Kilde (krever innlogging): Nationen