Landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har gått inn for å reformere kyllingproduksjonen i Noreg drastisk. Vedtaket kjem etter eit forslag frå Grøn Ungdom om å legge ned den industrielle kyllingindustrien.

– Klimakrisa og naturkrisa tilseier at vi må gjere endringar. I landbruket kan vi erstatte ein del av kyrne med grønsaker, seier Harald Moskvil, økobonde og MDGs talsperson for landbruk. – Det vil seie at vi utfordrar bøndene til å lage meir mat for folk, og mindre til dyr, seier han.

Grøn Ungdom meiner ein del av den nye matplanen bør vere å legge ned den industrielle kyllingindustrien.

Kilde: NRK