Fyrst av alt vil eg takka for oppløftande og gode ord om innspelet frå Nortura. Det varmar i ei tid kor argument om dyrevelferd sit laust og temaet er populært i det offentlege ordskifte.

Samstundes som Sigmundstad gjev ein varm klapp på aksla, gjev han og eit spark bak. Han saknar Nortura si toretale for eggprodusentar som har mått kasta ut nye miljøbur, utan at reglane er endra eller det gjev betre dyrevelferd.

Me forstår godt frustrasjonen. Den har me kjend på sjølv, men er ikkje samd i konklusjonen. Nortura har brukt mykje tid på denne saka og har ikkje berre vore ein passiv tilskodar.

Kilde: Nationen