Nestleiar Bjørn Gimming heldt innlegg under årets offentlege forum i Geneve. – WTO-reglane må ikkje øydelegge moglegheiter for nasjonal matproduksjon til eigne forbrukarar, sa Gimming.

– WTO-reglar må ikkje hindre nasjonal matproduksjon

– Parisavtala slår fast at kutt i klimagassar ikkje skal gå ut over matproduksjonen. På same måte kan vi ikkje godta at handelsreglar undergrev matproduksjon til eigne forbrukarar. Det slo nestleiar Bjørn Gimming fast på eit møte arrangert av Norges Bondelag under WTOs offentlege forum i Geneve.

Ein gong i året opnar Verdas Handelsorganisasjon (WTO) dørene og inviterer organisasjonar og næringsliv til å arrangere eigne seminar. 100 sidearrangement vart arrangert i år og 2500 personar deltok. Eitt av tema for årets offentlege forum var berekraft og handel. Norges Bondelag arrangerte debattmøte saman med bondelag frå USA, Sveits, Canada og Uganda. Temaet var om handel bidreg til ein meir berekraftig jordbruksproduksjon.

– Tøffare konkurranse frå importerte produkt kan gi eit kappløp mot botnen, der berekraftsmål som anstendig arbeid, ansvarleg forbruk, reint vatn og klimapolitikken blir taparar. I Noreg seier vi at toll er vår garanti for anstendig løn til bøndene, sa Gimming.

Også andre av paneldeltakarane var inne på liknande tankar:

– Vi er ikkje imot handel, men reglane må vere rettferdige, sa leiar Bruno Letendre for dei kanadiske mjølkebøndene. – Matsuverenitet er viktig.

Canada har eit marknadsreguleringssystem som liknar det norske (supply management). – Dette systemet er berekraftig. Vi får ein balansert produksjon, det er meir føreseieleg for bøndene og prisane er meir stabile, samtidig som vi ser at prisane til forbrukar er lågare enn t.d i USA, sa Letendre.

 

Kilde: Norges Bondelag