Norsk gran kan bli til iskrem og ost

Tømmerflis kan erstatta importert soya i dyrefôr og sikra matfatet vårt når klimaendringane trugar mattryggleiken.

Gjærsopp. Den er minst like rik på protein som importert soya og kan produserast lokalt – av norske grantre. Tre kan nemleg bli til sukker, som gjæren treng for å veksa. Den unike prosessen som gjer det mogeleg å laga husdyrfôr av biprodukt frå skogindustrien, er utvikla av Borregaard, i samarbeid med NMBU.

Kilde: Aftenposten