Egg frå frittgåande høner eller høner i miljøinnreiing? Foto: Erlend Aas / Scanpix

Kvar er reklamen for miljøegga?

Det har vore vanskeleg å få auge på velviljen for egg frå miljøbur, skriv pensjonert bonde Lars Sigmundstad i sitt debattinnlegg.

Etter at konsernsjef Arne Kristian Kolberg i Nationen, og i eigarbrev og medlemsinfo har uttalt seg svært positivt til egg frå miljøinnreiing – må me tru at Nortura no endeleg vil vera med og reklamera/informera utad til forbrukaren, om miljøegga sine mange føremoner. Dette er jammen på høg tid! Det står faktisk i brevet: «Holdningen vår har vore krystallklar på at Nortura likestiller frittgåande og miljøegg!» Det blir serdeles spanande å sjå kva dette tyder i praksis. Til i dag har denne velviljen vore vanskeleg å få auga på dessverre.

For ein pensjonist som har drive med eggproduksjon heile livet, og gjennomgått alle typar oppstallingar, har eg stilla meg dette spørsmålet mange gonger siste åra: Korleis i all verda kan det skje, det som har skjedd? Her kastar ein på båten lang tids erfaringar om dyrevelferd, eggkvalitet og effektivitet – mot føleri, verdstrendar og svært tvilsam reklame.

Mitt svar er: «Money talks».

Kilde: Nationen