La om: Kristin Spanne Fausk (36) er bonde og eggprodusent på Finnøy utanfor Stavanger i Rogaland. Saman med faren installerte dei nye, moderne miljøbur i 2008/09. No, ti år seinare, vil ei ny stor omstilling til frittgåande bli for tungt økonomisk. Foto: Solfrid Sande

Kristin (36) må slutte med egg når bura skal ut

– Kostnaden ved ei ny omlegging blir for stor. Eg har ikkje ein sjanse, seier den unge bonden på Finnøy i Rogaland.

To millionar kroner er ingen låg sum. For allereie gjeldstynga bønder er det ein gigantisk sum. For om lag 120 eggprodusentar rundt om i Noreg fører utfasinga av buregg no til ei gigantisk økonomisk utfordring.

– Vi som produsentar har ikkje ei ekstremt høg inntekt i utgangspunktet, men vi likar faktisk det vi driv med. Då er det vondt å bli motarbeidd og mistrudd på at du ikkje gjer det beste for dyra dine, seier bonden.

Den ungen bonden er svært tydeleg på at bønder ikkje ønskjer eller er tente med dårleg dyrevelferd.

– Akkurat no varmar eg opp råmjølk for å halde liv i ein kalv som ikkje får mat av mora. Det er slike ting … Som bonde er du dyrlege, omsorgsperson og mekanikar. Dei fleste er opptekne av at dyra skal ha det bra, det gir oss ingenting om dyra har det dårleg, seier Spanne Fausk, og legg til:

– Eg føler vi blir dolka i ryggen av dyrevernarane.

Kilde (krever innlogging): Nationen