VIL IKKJE HA BURHØNS: Forbrukarane vil ha egg frå frittgåande høns. Det betyr at mange eggprodusentar no må ta eit val om å investere millionar eller leggje ned. FOTO: ARNE STUBHAUG / NRK

– Ikkje greitt at ein liten dyrevernorganisasjon pressar dei store aktørane

Bondelagsleiar meiner matvarekjedene lar seg presse av dyrevernorganisasjonar når dei ikkje lenger vil selje egg frå burhøns.

Nesten ingen norske butikkar vil lenger selje egg frå burhøns, og ved inngangen til 2019 har mindre enn 100 eggprodusentar framleis bur. Det synest leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, er synd. Han meiner matvarekjedene altfor lett lar seg presse av dyrevernorganisasjonar når dei tek val som påverkar den norske matproduksjonen.

– Det er heilt greitt at fleire høns får gå fritt. Det som ikkje er greitt er at ein marginal gruppe som Dyrevernalliansen har overbevist kjedene om at burhøns ikkje er bra. Forbrukarane må få heile sanninga når matvarekjedene og industrien tar slike framtidsretta val. Då skal forsking og fakta vere i grunnen, slik at det ikkje er basert på synsing og føleri frå dyrevernarar.

Meiner du at Dyrevernalliansen ikkje kan dokumentere sine påstandar om at høns har det betre som frittgåande enn i bur?

– Det er vi som sitt på frykteleg mykje av denne kunnskapen, så det er oss matvarekjedene må høyre mest på, seier Felde.

Kilde: NRK