Overskot: Tone Steinsland, nestleiar i Norsk Fjørfelag, vil ha nye reguleringsverktøy for å få bukt med overproduksjonen av egg. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Håper svine-sluttpakkar ikkje rammar sau og egg

Utkjøpsordninga for svinebønder bør ikkje gi nyetablering på egg og sau, ifølgje saue- og fjørfenæringa, som ber om nye verktøy for å regulere marknaden for sauer og egg.

Det er for tida overskot eller ubalanse i mange sektorar i jordbruket som blant anna sauer og egg. Både Norsk Sau og Geit og Norsk Fjørfelag seier det ikkje er behov for nyetableringar på sauer og egg og dei håper svine-sluttpakkane ikkje bidreg til det.

– Dei som lar seg kjøpe ut på svin må evne og sjå at dei ikkje bidreg til å forverre situasjonen i andre næringar. Forhåpentlegvis tar dei signala frå marknadsregulator om at det ikkje er rom for nyetableringar på egg, seier nestleiar i Norsk Fjørfelag, Tone Steinsland.

Kilde (krever innlogging): Nationen