Letta: Jon Line er eggprodusent med frittgåande system på Jæren i Rogaland. Han er glad og letta for at han valde frittgåande framfor miljøbur mellom 2008 og 2012. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Eggprodusent meiner Nortura er skuld i problema til bønder med høner i bur

– Eg er sjeleglad kvar gong eg går inn i hønsehuset, seier bonde Jon Line, som la om til frittgåande system i 2011, trass press frå Nortura om å legge om til miljøbur.

Bryne, Rogaland: 7.500 høner over fire etasjar. Ved første augekast kan det sjå kaotisk ut i eit frittgåande hønsehus med aviar, men for Jon Line har det vore ei positiv oppleving frå dag éin.

– Vi var redde for meirarbeidet med frittgåande høner. Men eg prata med avløysarane om dette før intervjuet, vi kom fram til at det er enklare no enn før, seier Line.

Temaet er buregg som forsvinn, bønder i økonomisk knipe og hans historie som eggprodusent. Om ein ser bakover er det enkelt å slå fast at Line har treft blink gjentekne gonger, godt hjelpt av ein porsjon staheit.

– Takk og pris for at eg ikkje følgde råda til Nortura! Eg er glad for at vi er litt eigenrådige her, seier Line etter ein lang prat med Nationen.

– Det var Innovasjon Noreg som gjorde at vi fekk bygd om. Vanlegvis diltar dei etter, men her var dei i forkant og fekk folk til å snu i rett retning. Dersom vi følgde råda til Nortura, hadde vi ikkje fått støtta, seier Line, som er tydeleg på at ei ny omlegging no hadde blitt vanskeleg:

– Eg har nok gjeld eg òg, ein kostnad på to millionar kroner hadde blitt beintøff. Det er ei lette at vi ikkje står i skvisen som mange andre gjer.

Kilde (krever innlogging): Nationen