Den viktige proteinjakta

Den sterke folkeauken framover betyr at etterspørselen etter soya vil stige, med fare for ny avskoging som resultat. Derfor er jakta på alternative og eigne proteinkjelder så viktig.

Kjøtet som vart servert på Felleskjøpet sitt kraftfôrmøte i Stjørdal nyleg er godt nytt for landbruk og oppdrettsnæring i Norge. Kyllingen som stod på menyen var fôra med gjærprotein frå norsk trevirke, og han var både saftig og god. Gjennom enzymbehandling og fermentering er det altså mogleg å lage proteinfôr til husdyr og fisk. Det er gjort forsøk med gris og kylling, og forsøk med mjølkekyr og laks er i gang. Så langt viser resultata at dyra veks godt, og det er ikkje registrert negative utslag med omsyn til dyrehelsa.

Produksjonen av soya beveger seg stadig lenger nordover. Nederland, Estland og Canada produserer no soya, og norske forskarar testar produksjon av umodne soyabønner her i landet. På sikt kan vi kanskje få det til i dei klimatisk beste dyrkingsområda våre. Hovudutfordringane er å finne godt sortsmateriale tilpassa vårt klima.

Kilde: Bondebladet